Sider

onsdag 31. oktober 2012

God morgon!
Finst det noko deiligare enn å starte ein fridag med lunt nybakt ein kald vinterdag?
Hadde ikkje vore meg imot nei- men dette bildet er nok tatt litt seinare på dag - for eg måtte stå opp og bake først!



Eg har begynt å ta bilder med tanke på årets Julekort- Storkosa meg på eit gamalt tun her i nærleiken saman med eldste jenta...
Måtte utnytte snøven- for eg reknar ikkje med at den vert liggande så lenge.




Dette var berre eit lite utvalg- Det vart også andre bilder i litt andre fargetonar og stilartar- viser sikkert fram dei også her på bloggen etterkvart...

Mvh
Monica

mandag 29. oktober 2012

Sommarminner

Sommarminner:
Deilige blåbærpannekaker på verandaen ein varm sommardag!


Brokkolisalat laga av eiga avling og kald kvit vin.....


No er det ikkje slik at eg lengtar etter sommaren- ikkje enda- det brukar eg ikkje å gjere før etter Jul....
Eg berre hiv meg med på utfordringa til Mandagstema!



Ønsker alle ei flott ny veke!

Klem frå Monica

lørdag 27. oktober 2012

Tid for te

A cup of Tea
Ein kopp te


På ein kald haust-dag etter at dei første frostnettene har budd på både snø og vinterstormar er det fortsatt deilig å gå ein tur i hagen. Kjenne på friske lukter frå skog og mark, varme seg med ein kopp te og glede seg til å kome inn igjen til godstolen framfor vedovnen - drøyme seg vekk i ei interiørbok eller ei hagebok- legge planar- Berre finne roa!


Dei siste blåbæra frå hagen -som frosten fortsatt ikkje har tatt- Godt!



Ingenting varmer så godt som skikkelig bjørkaved- frå eigen skog. Kansje like mykje på grunn av den gode lukta?!


Einebær kan brukast til så mangt - Også til dørkransen! Dekorativt og flott og så luktar det så reint og godt!
Furukonglar som eg brukar til Juledekorasjonar og Nøtteliten til vinterføde! Nøtteliten får dei som heng i treda- eg plukkar dei som han er ferdig med og kastar ned.... 


Eg lenkar dette innlegget til:





God Helg!
Helsing Monica

mandag 22. oktober 2012

Haust

Haust

I dag er det skikkelig plaskevær her- ein slik dag då det er godt å berre sitte i sofakroken med ei kanne te og levande lys på bordet, blade litt i ei bok eller som no ta ei runde til "Blogglandia".
Trur jammen eg skal hive meg rundt å bake bollar til minsten kjem frå skulen- Då vert han vel glad?!
Synest det skal vere litt ekstra kos dei dagane mamma er heime- Godt å ete frukost i lag før skulen og godt å vere her og ta imot etter endt skuledag...
Det er så tydeleg at ungane set pris på det også:
"Er du heime i dag mamma?", -Kva dag er du heime da?" 








Det siste bildet linkar eg til Helene med bloggen Alt som er vakkert sitt:


Ønsker alle ei flott ny veke!

Mvh
Monica

fredag 19. oktober 2012

Ha det på badet

BAD

Har svinga meg litt rundt med malarkosten-
Ein nymalt stol kan gi mykje God inspirasjon- likar godt denne gråblå fargen!





God Helg
Med venleg hilsen
Monica

mandag 15. oktober 2012

Koselig

Litt Kos

Deilig med kake til kaffien ein laurdags ettermiddag etter ein lang dag ute i hagen!




No skin Sola inn gjennom nyvaska vindu- fekk God hjelp av eldste jenta mi i går- og eg er klar for ein ny dag!




Ville berre ønske alle ein God start på ei ny veke!

Helsing 
Monica

lørdag 13. oktober 2012

Onkel Rimfrost

Onkel Rimfrost
har gjort sin entré i hagen her. Dagane er kalde og klare og sola har begynt å gøyme seg bak fjellet.
Dei soltimane vi enda har til rådigheit vert nytta til fulle i hagen- I dag har eg og ungane grilla pølser på bål og kosa oss med varm drikke i koppen.


Av haustblad er vår Japanske lønn ein av favorittane i hagen her- når bakgrunnen er snødekte fjelltoppar- slik som no- kjem fargane ekstra godt fram! 


Eg linkar dette innlegget til VI og Moseplassen. 




God Helg!
Helsing
Monica

mandag 8. oktober 2012

Høst

Haust
Eit lite bilderas frå Haustferien på hytta!

Herlige fargar i fjellet no- kald klar luft og lukta av bjørkaved og våt myr.
Lange turar i skog og mark- været viste seg ikkje frå si beste side- men kva gjer vel det når ein har ei lun hytte å krype inn i?!
Håper bilda kan vise litt kva den norske fjellheimen har å by på
-for meg er dette Himmelsk- og eg hiv meg med på Himmelsk hos Petunia!





Opp og Ned





Monica

fredag 5. oktober 2012

Epler

Apples
Epler


Ikke mange eplene her i hagen foreløbig
- men tider skal komme...
God Helg!
Linker dette innlegget til konkuransen hos VI



Ønsker alle en flott høstferie:
Nå er tiden inne for lune plagg, vedfyring, levende lys og lange dager ute i frisk luft og flott natur.
Jeg gleder meg til noen dager på hytta i fjellheimen!

Med vennlig hilsen
Monica

onsdag 3. oktober 2012

Bad


 Bathroom
Bad
VI har en Oktoberutfordring Tema: BAD
Her er mitt bidrag!






Ønsker alle som titter innom en fortsatt fin uke!
Med vennlig hilsen
Monica!

Lignende innlegg

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

Search