Sider

fredag 31. januar 2014

Januar

God Helg!!!


Berre ein tur innom for å ønske alle ei 
GOD HELG
og 
FIN FREDAG!
Her i garden skjer det litt av kvart for tida
-eit spennande prosjekt som eg gledar meg til å fortelje meir om
(ja om det vert noko å fortelje om da…)

"Ein skal ikkje selge skinnet før bjørnen er skutt"

I kveld skal eg i dameselskap til ei venninde
-Gledar meg!



Delar nok ein gang bilete av tulipanbuketten min
-synest den er så fin, 
nesten som å få eit lite stykke vår inni stua!

Mvh Monica



onsdag 29. januar 2014

Januar

Tradisjonell Landstil 

Del 2

Med duse fargar og gamle skattar



Grønt er fint no når det går mot vår
og denne duse grøne fargen synest eg er veldig fin.


Tulipanar er ein av mine favorittblomster
og saman med gåsungar vert det spesielt vårleg og fint synest eg!
Den gamle grøne blomsterkrukka har eg arva etter mi oldemor- Ein Skatt!
Stolen er berga frå ein tilværelse ute i det fri og har fått eit nytt strøk med maling.
Skålene med grøne blomster er nye frå Greengate og har akkurat den rette fargen
grøn heklahåndduk i same fargenyanse er under arbeid!

 


 Eg er nok mest glad i det blå
- men grønt er ikkje heilt feil det heller.
-Kva synest du?

Mvh Monica!



tirsdag 28. januar 2014

Januar

Tradisjonell landstil 

med duse fargar og gamle skattar



Den blå fargen har på ny inntatt kjøkkenet
akkurat slik eg likar det best!


Før jul kom eg over 10 gamle fat av Egersund Blå Fasan 
til 25 kroner stk på ein bruktbutikk
- Eit Kupp!


Farmors gamle sølvtøy får også stå framme,
-pute med monogram 
- kaffekvern
-heimelaga hekla handkle
-nokon kvistar frå eit frukttre
og blå perleblomster
- slike ting muntrar opp kvardagen, vekker gode minner
og gir meg ein god følelse...


Ønsker alle ei fortsatt fin veke!

Mvh Monica





torsdag 23. januar 2014

Januar

Å fyre med ved…


Heldige er vi som kan fyre med ved frå eigen skog
Ein kan vel seie at denne veden varmar mange gangar:
- først når treet vert fellt og kvista
-så når det vert dreie og lempa og kjørt heim
-så når det vert kappa og kløyvd
og deretter stabla
og til slutt når den vert henta inn og fyrt med i ovnen. 


No er det ikkje slik at vi eig store skogområder, 
neida vi har ei tomt på ca 2 mål der ca halvparten er ei bratt skogkledt skråning
-men vi er sjølvforsynte med ved!


Mvh Monica


tirsdag 21. januar 2014

Januar

Dilla på hekling…


Her i gyngestolen er det godt å sitte å slappe av om kveldane med litt handarbeid. Akkurat no heklar eg klutar og handkle i bommulsgarn. Brukar restegarn som eg har liggande- så får eg "rydda" litt samtidig
Synest det er avslappande å sitte slik, høyre gulvklokka tikke, tende eit lys og berre nyte roa.

Mvh Monica





mandag 20. januar 2014

Januar

Du og eg og Dompappen


Ein stor flokk med Dompappar har holdt til i hagen dei siste dagane.
Dei forsyner seg grådig av knuppane på frukttreda, men dei er så fine å sjå på at det får så være.
(Det er muleg eg kjem til å angre på denne haldninga til våren?!)
Men enn så lenge sørgar vi for at dei til ei kvar tid har tilgang til solsikkefrø
og håpar på denne måten å redusere "skadene" på frukttreda
-for å jage desse fuglane ut av hagen er heilt uaktuelt!

Mvh Monica 



onsdag 15. januar 2014

Januar

Ein skatt…

Kan vere så mangt



For eit par dagar sidan fekk eg 3 kasser fulle med gamle bøker med tante
-ein skikkeleg bokskatt!
Trur ikkje eg går tom for lesestoff med det første...


Medan resten av familien gjerne slappar av framfor TVèn
er eg av den sorten som heller vil ha ei stille stund med ei god bok.


Gjerne med noko godt attåt ;-)

Mvh Monica


tirsdag 14. januar 2014

Januar

VINTER

FUGLAR OG FROST I HAGEN


Ute i hagen kryr det av småfuglar og eg kosar meg når eg kikar ut av kjøkkenvinduet og følger med i all aktiviteten. Frå vinduet ser eg ein stor flokk med dompappar og grønfink, kjøtmeis, blåmeis, løvmeis, rødstrupe, spurv og ein og annan trast. Når eg kjem ut er dei snare å forflytte seg opp i dei høgste greinene på storbjørka nedom huset- Eg har prøvd å kamuflere meg både med teppe og sjald, men dei søte små er visst av den besjedne sorten…

Eg har tatt mange bileter, men dei fleste er både blasse og uklare og ingenting å vise fram…
Eit nytt teleobjektiv for fuglefotografering står no høgt på ønskelista!


Fuglen på biletet er ein Gråsisik.

Mvh Monica!



mandag 13. januar 2014

Januar 2014

Lysstøyping



Eg er ein av dei mange som brukar mykje levande lys og då spesielt no i mørketida.
For nokon år sidan kjøpte eg meg diverse utstyr til å støype lys sjølv.
Eg samlar på alle lysrestar og kvart år før jul brukar eg nokon kveldar til å støype mine eigne lys.

Eg varmar vatn i ei stor panne og sett "kolben" med mine lysrestar i til dei har smelta, så festar eg veiken i lysformene og heller i den flytande stearinen,  så er det berre å vente til det stivnar.

Utstyr til Lysstøyping kan med anna kjøpast på Panduro Hobby.

PS: Eg skulle gjerne hatt ei form til å støype "Hellige-tre-kongers-lys" til neste Jul
-er det nokon som veit kvar eg kan få tak i ei slik vert eg glad for tips!




Mvh Monica














søndag 12. januar 2014

Januar

Kosestund

Ei lita kosestund ute på verandaen ilag med Godjentene mine
-det var kaldt så vi vart ikkje sittande der så lenge.
Gjekk oss ein fin tur og då begynte snøven å dale ned også…
Lukta av vedfyring og kald klar luft…
Livet er Godt!



   



God Helg folkens….

Mvh Monica

torsdag 9. januar 2014

Januar

Vårfornemmelser i Januar!


Tru det eller ei
alle bileta er tatt i dag 9 Januar!
På ein tur rundt i hagen oppdaga eg at både Primula, Julerose og Tusenfryd står i blomst.

Roser, hortensia og magnolia har fått nye skudd og
Perleblomst og krokus skudd stikk alt langt opp av jorda.

Ikkje så rart då at ein får vårfornemmelsar…
Så får eg berre håpe at seinare frostperioder ikkje øydelegg for mykje...


No skal eg kose meg med ein kopp kaffi og årets første frøkatalog
- Sweet Dreams!


Åhhh -mykje å glede seg til!

Mvh Monica


onsdag 8. januar 2014

Januar 2014

Januar 2014

GODT NYTT ÅR!


Startar det nye bloggåret med litt bileter frå stova vår
synest alltid det er litt vemodig å pakke vekk "Jula"
men samtidig er det godt å kome tilbake til kvardagen.

    

Stovebordet vårt er eit gamalt kjøkkenbord som vi kjøpte for 400 kroner og saga av beina på,
eg er veldig fornøgd med det, sjølv om eg av og til vurderer å male det kvitt
-foreløbig har det blitt berre med tanken…

Eit slikt bord treng ein ikkje vere redd for å få riper i heller

-Ein dag eg hadde besøk var det ei lita frøken som begynte å kjøre bil på bordet
"Du må ta bilen ned på golvet, det kan verte riper i bordet" sa mora.
"Men det er no alt ødelagt?!" svarte jenta.

Hærlige dissa små!

Mvh Monica







Lignende innlegg

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

Search