EPLER
Endeleg begynner epla å modnast
Ny oppskrift på eplemuffins med strøssel måtte utprøvast - Nydeleg!
Oppskrifta fann eg i ei bok:
"Så lenge det er stjerner på himmelen"
av Kristin Harmel
MUFFINS
2 ts bakepulver
1/2 ts salt
ca. 1,2 dl smør
ca. 0,6 dl melk
ca 2,5 dl sukker
ca. 0,6 dl creme fraiche
2 store egg
1 ts vaniljeekstrakt
ca. 5 dl blåbær (eg brukte epler)
Strøsseltopping (sjå oppskrift nedanfor)
Rør saman smør og sukker. Tilsett egg, rør godt.
Bland mjøl, bakepulver og salt i ein annan bolle.
Tilsett dei tørre ingrediensane til smørblandinga litt etter litt,
og tilset vekselvis melk, creme fraiche og vanilje.
Bland forsiktig inn blåbæra.
Fyll kvar muffinsform nesten opp til kanten. Dryss godt med strøssel over.
190 grader i 25-30 min.
Strøsseltopping
ca 1,2 dl sukker
2 ts kanel
ca 0,6 dl mel
ca 0,6 dl svært kaldt smør, hakka i små terningar
Bland alt i ei kjøkkenmaskin, til blandinga har konsistens som tjukke smular.
Dryss over usteikte muffins.
Vel bekomme!
Mvh Monica